EM-gull til Terje Rørmark
Oppdatert av DatoTerje har teke gull i Europameisterskapen i klassen 70+ !
Europameisterskapen har gått føre seg i Salzgitter i Tyskland, og Terje har levert ein ekstremt solid turnering gjennom dei fire siste dagane:
- 1. runde: –5 og 961 i rating – beste runde i klassen – leiarstilling
- 2. runde: –1 og 925 i rating – beste runde i klassen – framleis i tet
- 3. runde: –8 og 989 i rating – beste runde i klassen – held leiinga
- 4. runde: 0 og 907 i rating – SIGER!
Terje Rørmark har frå før sølv frå 2016 i Senior Grandmaster-klassen og bronse i 65+-klassen frå 2023.
Her blir det posert før dei siste puttane – gode innspel frå heile gjengen!
Biletet viser korleis ChatGPT meiner Terje ser ut når han flyg heim til Bergen om ikkje lenge – basert på tidlegare observasjonar (?)...
